Arrangement
Tid
17:00 - 21:00
Stad
"Kunsten"
Sal
Treskjerarverkstaden
Denne hendinga var foreslått til oss.

Velkomen til kurs i fletting av kolvfat eller aktarkorg på «Kunsten» Norsk Kunsthandverksskule, Gjernesvegen 81, Voss

Helga 5.-7. april
Fredag kl 17.00 – 21.00
Laurdag: kl 10.00 – 18.00
Sundag kl 10.00 – 18.00

Kursleiarar: Korgmaker Hege Aasdal og Samson Øvstebø. www.kurvmaker.no
instagram: kurvmaker_hege_aasdal
Instagram: samsonovstebo

Aktarkorg

Aktaren var i det gamle bondesamfunnet ein person som passa og stelte dyr eller barn e.a. Aktarkorger var altså korger som dyrepassere brukte til fjøsstell, til dømes å bære høy frå løa til fjos, stall eller småfehus dengong det var mange spesialiserte hus på gardene. Me veit ikkje i kor stort geografisk område denne korgtypen var utbredt i, men antar at det gjaldt heile gudbrandsdalen. Aktarkorga kom også i mange størrelser til forskjellige formål, frå det minste bititufat til den store høykorga med børtre for å slenge den over aksla. Korga har fletta botn som danner spiler, dei er bøyd jamnt opp slik at korga får ein rund form.

Kolvfat/flisfat

Kolvfat og flisfat er rammekorger fletta med selje, hassel, bjørk eller vier. Desse er tradisjonelt laga i øvre deler av østerdalen og opp mot Røros og i områdene rundt Larvik. Ein kan også finne slike rammekorger langs grensa mot Sverige, då kan dei også vere fletta med grankvister. Kolvfatet og flisfatet vart mykje brukt i gruveindustrien, men hadde også andre bruksområder som kleskorger og ullkorger. Korgene er oftast bygd opp av ei ring der det er festa spiler og fletta med delte kvister. På kolvfata er handtaket laga ved å sette inn eit tverrstykke, mens flisfata har ein opning i fletten som danner handtak. Det finnes også variantar med hank.

Maks 12 deltakar.
Bindande påmelding innan 8. mars til vosskunstogkultur@gmail.com (fråfall etter frist må kursavgifta betalast)

Kurspris kr 2.500 betal på vipps 720715 innan 8. mars

Materialutgifter 500,- vert betalt direkte til kurshaldar.

Velkomen til kurs

Del denne hendinga:
Voss Kunst og Kultur har 0 hendingar