Orkesteret Fossegrimen har 4 hendingar
Dato: Sundag 14. mars 2021
Tid: 19:00
Stad: Nain, Voss
Dato: Sundag 30. mai 2021
Tid: 19:00
Stad: Voss kulturhus
Dato: Laurdag 04. desember 2021
Tid: 17:00 - 19:00
Stad: Nain, Voss
Dato: Sundag 05. desember 2021
Tid: 19:00 - 21:00
Stad: Nain, Voss

Orkesteret Fossegrimen tel i dag rundt 40 aktive medlemer, både amatørar og yrkesutdanna musikarar i "alle" aldrar frå ungdomsskuleelevar til pensjonistar. Medlemene vert rekrutterte frå heile regionen, og Fossegrimen har full symfoniorkesterbesetning. Fast dirigent og kunstnerisk leiar er violinisten Dagfinn Rohde, til dagleg musikar i Bergen Filharmoniske Orkester. Forutan dirigenten er 3 distriktsmusikarar og 3 andre yrkesutdana musikarar engasjerte fast som gruppeleiarar og instruktørar. Orkesteret har prøver fast ein kveld i veka.

Fossegrimen held vanlegvis 6-10 offentlege konsertar i regionen kvart år, då gjerne med 4 ulike program, som vanlegvis inkluderer eit barne-/familieprogram der unge musikarar/ kulturskule-elevar får vera med i orkesteret og gjerne vera solistar med orkesteret, framføring av eit større kor-orkesterverk (oratorium e.l.), eit symfonisk program og gjerne eit lettare sesongavslutningsprogram. I tillegg kjem gjerne tilfeldige ekstraoppgåver.