Den galne diktaren Jon Hjørnevik, og den halvgalne visesongaren Dagfinn Iversen, er igjen ut på prøve.
No kjem dei heim til Voss og Gamlekinoen. Det er eit oppkok av Dagfinn sine gitartonar, Hjørneviks hårreisande dikt, sinne, kjærleik og humor.
Gjer dykk klar for dikt om kommunal omsorg, sløydlærarar som driv med seksualundervisning, solariumspoesi og bussturar som endar i kloremerker på ryggen.
Så, kjære deg. Kjøp billett idag og kom på Dikt Live. Enten du likar det eller ikkje.
Showet inneheld innslag av nynorsk. For dei som ikkje likar dikt er det nok av vakre gitartonar frå Iversen de kan lytta til.
Det er også lov å tvinge vener til å bli med på show.
—
Fri aldersgrense. Showet vert helde i foajeen. Begrensa kapasitet. Sal av god drykk og snacks. Velkomne!