Denne onsdagen er det duka for ei verdspremiere på Voss jazzklubb. Trommeslageren Gard Nilssen, som har vore på besøk hjå oss fleire gonger, sist med Bushman’s Revenge, går i kompaniskap, og i krigen, med bergenssaksofonisten Kjetil Møster. Også han har vore på Voss ei rekkje gonger. Dette kan verta byrjinga på noko heilt særprega og eige. Og det er ein god idé å vera på plass fyrste gongen det skjer.
Kjetil Møster - saksofon og Gard Nilssen - trommer