Over 30 artistar skal heidrast når musikarar frå Voss og omland fyrer opp ein festival utanom det vanlege.
Endeleg! Buskspel er tilbake!
I vårt blir det konsertar med nokre av dei beste indiebanda/konsepta i Norge.
Fyrst ut, BERGEN BONANZA! Med følgjande gjester:
BJØRNAR EKSE BRANDSETH
TOR SCHEI HELLESNES
ASLE HAALAND
Heilt sidan Bergen Bonanza starta opp i Bergen i 2013 har det vore eit stort ynskje å booke konseptet til Voss. I 2021 skjedde det for fyrste gong, og det var ein stor suksess! Me gler oss til at dei kjem att til Voss!
"Bergen Bonanza er et månedlig konsertkonsept med fokus på country, americana, folk, alternativ country og vestkystrock.
Husbandet spiller 2-3 sett, og får følge på scenen av et knippe gjesteartister, blant de beste artistene Vestlandet har å by på.
Husbandet består rutinerte ringrever med fartstid i band som Good Time Charlie, The Last Hurrah!!, Shades of Blues, Casiokids, Alibiet, Silja Sol, Kiss Kiss King Kong og mange fleir"
Husband:
ENDRE NORDVIK
EIRIK UTNE
OLE LUDVIG KRÜGER
LARS HAMMERSLAND
OLE GUNNAR EIKELAND
BUSKSPEL er ein konsertserie som starte opp på Voss i 2018. Banda og artistane er frå eit breitt utval av sjangrar innan pop, rock, americana mm, med fokus på små og mellomstore indieband. Det vil vere intime konsertar med nokre av dei beste artistane ein har på Vestlandet. Konsertane vil i hovudsak haldast på i Foajeen i Gamlekinoen, ca ein gong i månaden (med litt sesongvariasjonar).
Buskspel er eit uttrykk mykje brukt innan folkemusikken, som handlar om uhøgtideleg og spontant spel utanom det ordinære konsertprogrammet. Det vil ikkje vere jam på Buskspel, men ein ynskjer på same vis å ha ei uhøgtideleg stemning, med nærleik mellom publikum og artistar, og ei overrasking eller to.
Konserten er støtta av Norsk Americana Forum og Norsk Kulturråd