Musikk
Tid
20:00 - 21:00
Pris, vaksen
250,-
Pris, student
125,-
Stad
Osasalen
Arrangør

Songar og strengemeister Esbjørn Hazelius i skjønn foreining med nøkkelharpevirtuosen Johan Hedin. Stort betre vert det ikkje! Dette er to av dei dyktigaste og mest etablerte folkemusikarane i Sverige. Med blendande musikalitet, nydeleg tostemd song, tøft driv og fargesterk framtoning framførast svenske viser og danselåtar betre enn nokon gong før.
Dei gav sin fyrste konsert saman i 2008, og har sidan den gong spelt fleire hundre konsertar i Norden og Europa, på alt frå intime folkemusikklubbar til store festivalar og konserthus. På sisteplata Jorland (2018), som vart nominert til Grammis, finn ein både tradisjonell folkemusikk og eigenkomponerte låtar – alt framførd med det magiske, virtuose samspelet som kjenneteiknar Hazelius/Hedin. Esbjørn Hazelius trakterer både cittern, violino d’amore og gitar, og er kjend frå band som Quilty og Eitre. Han har medverka i Jul i Folkton­prosjektet, og har vore den «musikalske motoren» til Sofia Karlsson i ei årrekke. Johan Hedin er aktiv som medlem og initiativtakar til folk­barokkensemblet Silfver og verdsmusikkgruppa Bazar Blå. Han har laga over 20 plater i eige namn, i tillegg til samarbeid med Gunnar Idenstam, Ale Möller og Jonas Knutsson.

Konsertstad: Osasalen // Start: 20.00 // Dører: 19.30

Del denne hendinga:
Osafestivalen har 0 hendingar