Hustveit har 0 hendingar

Hustveit har sidan 1952 vore eigd av Voss kommune, då dei fekk den i gåve frå etterkommarane til David Hustveit.

David Larsson Hustveit (1796-1870), vart Voss sin fyrste ordførar, då formannskapslovene var innført i 1837. Han var ordførar i tidsrommet 1837-41 og 1850-57.

Det er fem verneverdige bygningar på garden, samt eit sel på stølen Helset.

Private paktarar har hatt hånd om Hustveit sidan 2003.

Frå Vossaboki bind 2:
Hustveit
Namnet på denne garden vert i 1695 skrive Henrichstuedt. Det vert no sagt Hèndéstveitè; han búr pao, è tao Hèndéstvèit'né, ska pao Hèndéstveitè. Dette namnet er samansett av mannsnamnet Hendrik og tveit (slåtte, rudning). Det nye namnet Hustveit er vel ei nylaging.
Hustveit er ikkje ført upp i 1661. I 1723 er garden skriven for Hendrikstvedt, hadde då ein brukar og 1 pund i skyld, skog til husvøling og til brensel. Garden var tungvinn og årvand, og hadde ei flaumkvern. Skyldi var likeins i 1838 og er då umskrivi til 2 dalar 15 skill. Der var då og brennefang. Samanlikningstalet var 320.

Matrikkelen 1865 fører upp 8¾ mål åker, 2 mål dyrka eng, 10,5 mål god, 6 mål medels natureng og 10 mål skrapebø. Vårhamni var ring, men sumarhamni medels. Der var vedaskog og noko lite timber. Garden var svært tungvinn, utsett for sviding og var dyrka som vanleg. For 1918 vantar uppgåvor.

På Hustveit budde 6 menneske i 1801, 10 i 1865 og 3 i 1920.


Fødnad og avling (i tunnor) på Hustveit.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1 7 9 4 ½
1865 1 8 20 20 16


Henrikstveit ser ein ikkje nemnt i noko manntal fyrr 1664. Då budde Jon Hallsteinson der. Skyldi var 1 pund. Det vert fortalt at Henrikstveit fyrst var rudt til husmannsplass, og at det må ha vore ein Henrik som har bygt og rudt der. Lars Sjurson var leiglending på Munkelivgodset på Hustveit i 1661. Kongen har i 1662 skøytt 1 pund Munkelivgods til Hermann Garmann. Klas Miltzow fekk skøyte på garden i 1677 frå Hermann Garmanns ervingar. Olav var brukar i 1691. Nils Leiddal var eigar og brukar i 1695. Lars Samsonson er skriven som odelsbonde i 1701. Han var f. 1662, g. m. Ingebjørg Knutsdr. og døydde 1741. Segni segjer at han skulde vera frå Hefte og ho frå Leiddal. Dei hadde fire born: Samson, Brita f. 1704, g. 1730 med Lars Gudleikson Gjøastein, Ingebjørg g. 1735 med Lars Torkjelson Røyrlidi og kom til Skår i Seims sokn, Nordhordland, Gjertrud f. 1714. Bruttomidelen ved skifte 1741 var 57 rd.


Samson Larsson f. 1699, g. 1728 med Anna Gudleiksdr. fekk skøyte frå far sin på garden i 1737 for 40 rd. Samson døydde 1782 og hadde to døtter, Sisselja og Brita. Ho Brita var f. 1733 og g. 1769 med Lars Knutson Tøn. Dei kjøpte gard på ei øy nordanfor Bergen og skal ha mange etterkomarar. Ho Sisselja var f. 1729, g. 1756 med David Ivarson Kvårmo f. 1729. Han var frå Nedre Klyve og fekk halve garden hjå far hennar i 1756 og resten i 1769. Sju born: Lars f. 1758, Eiliv f. 1768, budde på Hjellen 1795, Gudve f. 1756, g. 1786 med Lars Olavson Gjøastein, paktar i Brekke i Granvin 1795, Ingebjørg f. 1761, g. 1787 med Styrk Anderson Haug, husmann på Leiddal i 1795, Anna f. 1770, g. 1796 med Per Person Kvilekvål, Gjertrud f. 1774, Guro f. 1778, g. 1819 med Knut Isakson Lae. Lars Davidson f. 1758, g. 1. 1794 med Ragnhild Tormodsdr. Brattåker, 2. 1807 med Kari Torkjelsdr. Lund og døydde 1846. Lars fekk garden i 1790. Han hadde med Ragnhild sonen David og med Kari sonen Torkjel f. 1813, død ugift 1840.

David Larsson Hustveit f. 1796, var gift 1829 med Anna Monsdr. Bokkatun, og døydde 1870. Han fekk farsgarden i 1808 og 1812. David var skulemeister, fyrste ordføraren på Voss, forlikskommissær, valmann, formann i matrikkeleringsnemndi for Voss i 1830-åri og var mykje på takstar og skyn. David studerte på eigi hand framande språk, serleg tysk, umsette frå tysk og skreiv tysk. Stor boksamling hadde han av religiøse bøker, språkbøker, skulebøker og andre. Bygdi sette minnesmerke på gravi hans. Seks born: Lars, Mons f. 1832, g.m. Ingjerd Knutsdr. Afdal, gardmann i Holmedal og fylkesagronom i Sogn og Fjordane, Tormod f. 1834, død ugift 1905, Anders f. 1836, g. 1879 med Gjertrud Ivarsdr. Grjotland, Torkjel f. 1841, g. m. Sigvor Knutsdr. Jernes, lensmann i Granvin, Ivar f. 1844, g. m. Brita Davidsdr. Leiddal, skulelærar, Amerika.

Lars Davidson f. 1830, fekk garden i 1862, men selde han 1875 til Torkjel, bror sin, for 1000 spd. og flytte til Tvinno, der Lars er meir umtala. Torkjel selde garden att for same pris til Anders, bror sin, i 1878. Han var g. m. Gjertrud Ivarsdr. Grjotland og døydde 1916. Sonen Lars, f. 1894, har no garden.

Hustveit var fyrr mtrnr. 74, lnr. 151 med gamal skyld 1 pund, urevidert 2 dalar 15 skill., revidert 1 dalar 4 ort 6 skill. Ny skyld mark 2,69.

Støl.
Stølen var ¼ mil frå garden i 1723 er det sagt. Han heiter Helset eller Leiddalsstølen og er i bruk. Ei kvern var det på Hustveit i 1723 og 1776. Ho vart rivi i slutten av 1800-talet. Utskifting var halde i 1897.

Bumerke teikna på Hustveit.
Lars Henrikstveit 1716, 1720 tavle 4 nr. 5. David Henrikstveit 1767, 1772, 1779 t. 4 nr. 53.

Kjelde: Vossaboki II